Jolautstilling 2018

Hans Olav Aarvik er utdanna frå kunstakademiet i Oslo er ein kunstnar som arbeider med måleri og skulptur i form av tekstilarbeid og treskjering. I denne samanhengen stilte han ut ein variasjon av måleri med fokus på landskap som er gjort som portrett. Han skriv:
"Ein kollega frå Portugal drog på nasjonalgalleriet og fortalte at den norske kunsten kun var fiktiv, ho refererte til bilete ei av Gude der eit tun er lyssatt gjennom ein sprekk i skyene. Sidan eg er frå ein fjord reagerte eg med å seie; ja, men, det er faktisk slik somme tider, det er mykje skyer som blir dratt over fjella og skapar sprekker i himmelen. Og det er for så vidt sant, men om du drar til Hardangerfjorden, der eg kjem frå, er det mest sannsynleg regn eller tett overskya, og sjansen for att du befinner deg ved eit idyllisk tun med eit lyskastaraktig skinn på seg, er svært liten."

Synneva Skintveit er teiknar og biletmålar med atelier i Kulturverkstaden Magasinet. Ho skriv:
"Fellesskapet der og i kunstnargruppa Varius er motiverande i det daglige og på studiereiser, workshops og utstillingar som me går saman om.
Stemningar og spesielle situasjonar i naturen og folkelivet rundt meg inspirerer og eg samlar inntrykk med foto og skisser.
Teknikken vidare er akrylmåling på lerret i stort format, der eg arbeider mest mogleg intuitivt med å abstrahera den figurative framstillinga. Målet er å anonymisera utgangspunktet og gi tilskodarane kvar si individuelle oppleving av kva dei ser.
Dette vil òg prega aktuelle prosjekt frametter."

Gidske Stark, busett i Bergen, har lang erfaring som pressefotograf. Ho skriv:
Hverdagsbilder
«Jeg tar bilder hver eneste dag. Ser jeg noe gøy, oppstår det er situasjon, er det noe som bare er fint eller litt dystert, så tar jeg bilde. Det må vekke en følelse i meg. Alle bildene som er utstilt har en liten historie, det blir som en minnebok.
Jeg har jobbet som pressefotograf i Bergens Tidende i 25 år. Dette har lært meg å være oppmerksom på hva som foregår rundt meg»