TORSDAG 24. OKTOBER KL. 17

Me ynskjer alle hjarteleg velkomne til opning av Osafestivalutstillinga 2019, «å teikne ein joik» av Ragna Misvær Grønstad. 

Ragna Misvær Grønstad (f. 1984) frå Bodø er årets festivalkunstnar. Gjennom grafikk, teikning og tekstar skaper ho kunst som har mange lag, der det unike estetiske uttrykket ofte flyt saman med og vert berika av politiske og filosofiske understraumar.

I arbeidet med tresnittserien «Saltvannsblomstene» har Misvær Grønstad utvikla eit uttrykk som ho beskriv som «visuell joik». Her er planter, landskap og ulike vesen plasserte under vassoverflata – ein stad der tankar veks fram som teikningar. Havet heng i bileta til Ragna Misvær Grønstad saman med den samiske tanken om Sáivu – innsjøar med dobbel botn, der ei ukjend verd gøymer seg i djupet.

Kristian Finborud opnar utstillinga
Opningstoner ved Steinar Rygg
Forfriskningar!

Opningstider under festivalen:
Torsdag 17-19, fredag 11-19, laurdag 10-14, sundag 12–15

Opningstider etter festivalen (31.oktober – 9. november): 
Torsdag 16-19, fredag 16-19, laurdag 11-14. 

Osafestivalutstillinga er eit samarbeid mellom Voss kunstlag, Osafestivalen og Voss kulturhus.