«FUGLEROMMET»

KARIN AUGUSTA NOGVA

23. oktober – 27. november

Torsdagar 14 – 17 Fredagar 14 – 17 Laurdagar 12 – 15

Årets festivalkunstnar er Karin Augusta Nogva! Den Ålesund-baserte kunstnaren kjem til Osafestivalen med utstillinga Fuglerommet, der ho utforskar forholdet mellom menneske og natur gjennom tresnitt på tekstil, tapet og drakter.

«Eit utgangspunkt for mange av prosjekta mine er menneskets suverenitet over naturen. I Fuglerommet vil eg forsterke dei formene og fargane som finst i naturen og i fugleverda, og gje desse eit eige rom som publikum kan tre inn i», seier kunstnaren sjølv.

Nogva er søkande og nysgjerrig heller enn konkret i sitt kunstnarlege uttrykk, og leikar seg ofte med form, farge og materialvalg. Ho interesserer seg for fellestrekk og samband mellom ulike kulturar og kunstuttrykk, og har mellom anna henta mykje inspirasjon fra japansk kunst og handverk. Fuglemotivet er knytt til tanken om kulturmøte: Ulike land og kulturar kjenner eigarskap til «sine» fuglar, samstundes som desse jo flyg over landegrenser og gjerne oppheld seg på ulike stader til ulike årstider.

Karin Augusta Nogva er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og Edinburgh College of Art, og er leiar for kunstnarkollektivet Aggregat i Ålesund, og styreleiar i Norske Grafikere. Ho arbeider innanfor mange ulike teknikkar og sjangrar, som grafikk, tekstilkunst, teikning og performance.