Tom Kosmo skulle ha vore festivalkunstnar i år, men grunna Koronautbrot må me diverre utsetja til eit seinare høve. Me seier oss leie for dette. Me hadde gledd oss sånn til utstillinga med Tom.

Kosmo vaks opp på Fauske i Nordland og bur og arbeider no i Bergen. Handverk står sentralt i produksjonen hans, som omfattar ei rekke ulike uttrykk og uttrykk, som måleri, teikning, grafikk og skulptur. Verka hans opptrer ofte i installasjonar der store veggteikningar har ei sentral rolle, og slik blir det også ved årets festivalutstilling!

I ei tid der bilete omgir oss på alle kantar, har Kosmo vendt seg mot ei anakronistisk og introvert visuell verd. Gjennom å nytta formuttrykk og media som er knytta til kunsthistoria, leikar han med publikum sine forventningar og visuelle referansar.

Element frå førmodernistisk kunst og illustrasjon, populærkultur, dyr, private fotografi og miniatyrmodellar er motiv som går att i Kosmo sitt høgst personlege og unike uttrykk. Kunsten hans seier noko viktig om mennesket si stilling i verda og historia, og snur og vender på maktforholda mellom natur og kultur, menneske og dyr og samtid og fortid. Tekst: Vozza Jazz

Om du vil besøkje Tom Kosmo si heimeside: http://www.tomkosmo.no/